
Cannes 2020
Filmfrelst #401: Cannes 2020 – dag 10
Cannes 2020: I denne podkasten fra den tiende og siste ordinære festivaldagen i vårt virtuelle Cannes, snakker vi om filmer fra alle kriker og kroker i programmet. Fra John Waters‘ elleville metafilm Cecil B. Demented (2000) til Ryan Cooglers hyperaktuelle Fruitvale Station (2013) og Richard Kellys notoriske (men profetiske og misforståtte?) Southland Tales.
I tillegg diskuterer det ivrige panelet Alan Parkers ornitologiske Grand Prix-vinner Birdy (1984), Gullpalme-road movien Scarecrow (1973, med Al Pacino og Gene Hackman), Gullpalme- og Oscar-vinneren Marty (1955), Agneta Elers-Jarlemans dypt personlige dokumentarmesterverk Smärtgränsen (1983), Ken Loachs sosialrealistiske Riff-Raff (1991) og den dialogløse animasjonsperlen La tortue rouge (2016).
Til slutt deler vi morsomme minner fra festivalen, blant annet om tilfeldige (og planlagte) møter med stjerner og idoler. Ved mikrofonene sitter Lars Ole Kristiansen, Truls Foss og Ida Madsen Hestman.
God lytting!
Takk til Montages for eit veldig godt konsept, og takk for fin dekning under «festivalen». I tilfelle det ikkje kjem nokon oppsummeringsepisode, så kjem i alle fall oppsummeringa mi her. Eg fekk sett 17 filmar, men hadde i tillegg sett ein del frå før.
Her er ei liste over alle eg har sett (rangert frå best til verst):
Letyat zhuravli (Og tranene flyr)
Auch Zwerge haben klein angefangen
Utomlennye solntsem (Brent av solen)
Cría cuervos (Ravnene)
Laurence Anyways
Oxen
Seppuku (Harakiri)
Harlan County, USA
La tortue rouge
Jeanne Dielman, 23, quai du commerce, 1080 Bruxelles
O thiasos (Skuespillernes reise)
W.R. – Misterije organizma
Moartea domnului Lãzãrescu
Tokyo Sonata
Fritz the Cat
Histoire(s) du cinéma
Il fiore delle mille e una notte (Tusen og en natt)
Badou Boy
Unagi (Ålen)
Kôshikei (Hengingen)
Ba wang bie ji (Farvel, min konkubine)
Pola X
Napló gyermekeimnek (Dagbok for mine barn)
L’albero degli zoccoli (Treskotreet)
Parfait amour!
Busanhaeng (Train to Busan)
Fedora
Panj é asr (Klokken fem om ettermiddagen)
Mùi du du xanh (Duften av grønn papaya om morgenen)
Jigokumon (Helvetes porter)
The Hunchback of Notre Dame
Le mystère Picasso
Le voyage du ballon rouge
Jakten
Dogville
Twin Peaks: Fire Walk With Me
Indagine su un cittadino al di sopra di ogni sospetto (Hevet over mistanke)
Hearts of Darkness: A Filmmaker’s Apocalypse
Orfeu Negro
Az én XX. Századom (Mitt 20. århundre)
Duett för kannibaler
Det må seiast at det jamt over var eit høgt nivå på programmet. Det er mykje varmt eg kan seie om filmar som ligg midt på lista – og også enda lenger ned. Den beste nye oppdaginga eg gjorde var Cría cuervos (Ravnene), som er ei innmari fin og sår oppvekstskildring som ikkje teiknar nokon bastant grense mellom røyndom og fantasi.
Og så fekk eg endeleg rota meg til å sjå Sven Nykvist sin Oxen, som er ei fengslande forteljing om moral, ramma inn i ei truverdig miljøskildring frå eit svensk bygdesamfunn på 1800-talet. Interessant nok liknar den ikkje så mykje på Bergman. Den har større likskapar med Utvandrarna av Jan Troell.
Blant mine nye oppdagingar må eg også trekke fram Harlan County, USA, som er ein ikkje-dramatisert film (eller «dokumentarfilm» som nokon liker å kalle det) om gruvearbeidarar og konene deira under ein gruvestreik i eit lite distrikt i Kentucky. Filmen skildrar ekte menneske i eit ekte miljø som står i ein ekte kamp, utan at den blir noko sentimentalt og tilgjort glansbilete av arbeidarklassa. På ljodsporet nyttar filmen mykje folkemusikk og protestviser som effektivt kommenterer handlinga, nesten som koret i eit gresk drama. Dette er cinéma vérité på sitt mest kraftfulle.
Elles skulle eg ynskje at det fanst eit skikkeleg diskusjonsforum her på nettsida til Montages, litt sånn som det gamle diskuterfilm.com. Tenk berre på kor kjekt det hadde vori med eit forum under den alternative Cannes-festivalen. Der kunne vi alle ha utveksla anbefalingar, frårådingar og anna filmprat. Kommentarfelt under enkeltartiklar gjer ikkje den same nytta.